Koronavaksine

Vaksinestatus i Etne kommune

Koronavaksinasjonen i Etne er nå godt i gang

Til no har me berre fått tilsendt ein type vaksine frå Pfizer/BioNTech, men frå slutten av Februar forventar me også å få vaksina frå AstraZeneca. Den vaksina er berre for personar under 65 år. Me vil parallelt få meir vaksine frå Pfizer/BioNTech som skal nyttas til alle over 65 år og enkelte under 65 år med risikosjukdommar.

Vaksinasjonen skjer ut frå ei prioritert rekkefølgje av risikogrupper (sjå lengre nede). Om du tilhøyrar ei slik gruppe vil du bli kontakta når det er din tur til å få tilbod om vaksine. Dette vil skje gjennom ein sms eller ein telefon frå kommunen.

Me arbeider no med å vaksinere ferdig personar over 85 år. I denne gruppa er det over 140 personar i Etne kommune. Til no har me sett 166 vaksine sprøyter, kor om lag 40 personar har fått to dosar. Alle må ha to dosar med minst 3 vekers mellomrom for å ha full effekt. Etne sjukeheim har nå fått sin andre dose i veke 5, og om ei veke vil bebuarar her ha full vaksineeffekt.

I veke 6 forventar me å starte vaksinasjon på aldersgruppa 75 til 84 år.

Til nå har vaksinasjonen gått bra, og det er lite rapportering om biverknadar.

Når kan eg få vaksine?
Vårt mål er at personar som blir tilrådd vaksinasjon ut frå alder eller risikofaktorar, vel å ta vaksina.

Alle som får tilbod om vaksine, får informasjon om når det er sin tur. Enten per sms eller telefon. Me veit ikkje kor mange vaksiner me får framover, så me kan ikkje seie akkurat når det blir din tur.

Time til vaksinasjon kan komme på kort varsel, ofte berre eit par dagar før vaksinasjonen. Timen blir bekrefta med ein sms, som og bekreftar oppmøtetstad. Dei som har oppgitt at dei treng ein telefonbeskjed vil få dette i tillegg.  Så snart me får fleire vaksinedosar vil me opna for elektronisk bestilling av time på nett.

Det er laga ein nasjonal oversikt for korleis ein ser for seg at vaksinen skal fordelast på aldersgrupper utover våren 2021.

Vaksineringsscenario - FHI

Vaksineringsscenario.png

Prioritering

Me følgjer den nasjonale prioriteringsrekkefølga:

  • Bebuarar i sjukeheim (Ferdig i veke 5) 30 stk
  • Alder 85 år eller eldre (Pågår) Ca 140
  • Alder 75 til 84 år  Ca 280 stk
  • Alder 65 til 74 år  (Ca 470 stk) og einskilde personer 18-64 år med særleg høg risiko
  • Alder 55–64 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  • Alder 45–54 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  • Alder 18–44 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  • Generell befolkning 18-64 år.

Helsepersonell får per dags dato opp til 20% av vaksinedosane. Det kan endre seg i dei nasjonale retningslinjene.

Vaksinasjonsfordeling tom veke 7 i 2021

Vaksine_tal.JPG

Førebuingar til vaksinasjon

  • Stad for vaksinasjon vil bli opplyst ved tildeling av time.  Det er primært torsdagar ved Skånevik Helsestasjon og fredagar ved Etne helsestasjon. Sjekk sms frå kommunen.
  • Et ein god frokost, og drikk godt før du kjem
  • Møt opp til fastsett tid. Kjem du tidleg må du vente utanfor eller i bilen
  • Du må ha på munnbind ved ankomst vaksinestaden.
  • Vaksina blir sett i overarmen. Tilpass påkledning etter dette.
  • Du må setja av litt ekstra tid, for du må venta i 20 minutt etter at vaksina er sett. Det vil vere helsefagleg personell tilgjengeleg i venteareala dersom du treng bistand.
  • Vaksinering skal utsettast ved akutt infeksjonssykdom med feber over 38 grader.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen, ring umiddelbart til helsestasjonen i Etne: 53 75 81 08

Dersom du bur eller oppheld deg i kommunen, er over 85 år, og ikkje har høyrt noko frå kommunen så ber me deg om å kontakte Koronavaksinetelefonen på telefon 913 44 955.

 

Elisabeth Winterthun                                                                   Elin Grindheim Hovda

Kommuneoverlege                                                                       Leiande Helsesjukepleiar

 

Tips ein ven  Skriv ut