Val 2017

valglogo_gull_nynorsk

Måndag 11. september 2017 er det Stortings- og sametingsval

2017-06-27

Vallokale og opningstider:
Dei 3 røystekrinsane i Etne kommune nyttar fylgjande lokaler:

Etne – Etne kulturhus ope kl 10:00 – 20:00

Skånevik – Skånevik skule ope kl 10:00 til 20:00

Åkrafjorden – Sævareid skule ope kl 15:00 – 20:00

 

Tid og stad for tidleg (frå 3.7.17 - 9.7.17) og førehandsrøysting (10.8.17 -8.9.17) :
Etne tinghus alle arbeidsdagar i perioden frå kl 09:00 – 15:00

 

Etne tinghus to langdagar:
Torsdag 24.8.17 kl 16 - 19
Torsdag 31.8.17 kl 16 - 19

 

2 helgar:   
Laurdag 26.8. (kl 13:00 – 15:00) og søndag 27.8. (kl 14:00 – 17:00)
Laurdag 2.9. (kl 13:00 – 15:00) og søndag 3.9. (kl 14:00 – 17:00)

 

Skånevik omsorgssenter ein langdag:
Onsdag 23.8. kl 16:00 – 19:00

 

Åkrafjordtunet ein langdag:
Onsdag 30.8. kl 16:00 – 19:00

 

Røysting på institusjon:
Etne omsorgssenter tysdag 22.8. kl 10:00 – 12:00
Skånevik omsorgssenter onsdag 23.8. kl 14:00 – 16:00
Stova tysdag 22.8. kl 12:30 -14:00

 

Ambulerande røysting:
Dersom du p.g.a sjukdom eller dersom du er ufør og av den grunn ikkje kan koma til vallokalet på valdagen den 11.9.17 og heller ikkje kan førehandsrøyste, kan du søkja om å få røyste heime. Søknaden kan vera skriftleg eller du kan ta kontakt på tlf 53 75 80 00. Søknad om slik røysting må vere Etne Valstyre i hende innan fredag 25.8.17. Ambulerande røysting vil bli gjennomført tysdag 4.9.17.

 

Utlegging av manntal:

Juli/august 2017
Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn
Valstyret legg manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det lar seg gjere. Manntalet skal ligge ute til og med valdagen. Valstyret kunngjer tid og stad for utlegginga og opplyser også om tilgang til, og framgangsmåte for, å kreve feil retta.

 

Stemmerett og manntal
Manntalet er ein oversikt over alle som har stemmerett. For å kunne stemme må du vera innført i manntalet i ein kommune.

 

Er du innført i manntalet?
Alle med stemmerett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der folkeregisteret har registrert deg som busett 30. juni i valåret.
Dersom du flyttar til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.

 

Veljarar busett i utlandet
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert da du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søke den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet.

Du søker om å bli innført i manntalet ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert nytta ved førehandsrøysting utanriks. Førehandsrøyster du i Norge eller ikkje nyttar den nemnde omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan gjerast i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.  Søknaden må innehalde ein erklæring om at du framleis er norsk statsborgar.

Søknaden må komme fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret innan 14. september kl. 21.00.

 

Du må ha stemmerett for å kunne stemme.

 

Ved stortingsval har desse personane røysterett , jf. Vallova § 2-1:

Norske statsborgarar som

  • Vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53 og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busette i Noreg.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet eller husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

 

Tip a friendTips ein ven