valglogo_gull_nynorsk

Val 2019 - Tidlegrøystegjeving

I tidsrommet 1.7.19 til og med fredag 9.8.19

Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2019 er fastsett til måndag 9. september.

I følgje vallova §8-1 (4) kan veljarar som oppheld seg innanriks (unnateke på Svalbard og Jan Mayen) og som ikkje kan avgje røyst i perioden for førehandsrøysting eller på valting, vende seg til kommunen og avgje røyst frå 1. juli og fram til førehandsrøystinga startar 10. august i valåret.

I dette tidsrommet kan ein vende seg til tenestetorget i kommunen og avtale tid for å røyste.
Tinghuset har ope alle arbeidsdagar kl. 09.00-15.00.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut