Du er her: Heim Politikk og demokrati Val
valglogo_gull_nynorsk

Val 2019

Måndag 9. september 2019 er det Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2019.

Vallokale og opningstider:
Dei 3 røystekrinsane i Etne kommune nyttar fylgjande lokaler:

Etne – Etne kulturhus ope kl 10:00 – 20:00

Skånevik – Skånevik skule ope kl 10:00 til 20:00

Åkrafjorden – Sævareid skule ope kl 15:00 – 20:00

 

Tid og stad for tidleg (frå 1.7.19 - 9.8.19) og førehandsrøysting (10.8.19 -6.9.19) :
Etne tinghus alle arbeidsdagar i perioden frå kl 09:00 – 15:00

 

Etne tinghus tre langdagar: 
Torsdag 22.8.19 kl 15 - 19
Torsdag 29.8.19 kl 15 - 19
Måndag 02.9.19 kl.15 - 19

 

2 helgar:    
Laurdag 24.8. (kl 13:00 – 15:00)
Laurdag 31.8. (kl 13:00 – 15:00)

 

Skånevik Fjordhotel ein langdag: 
Tysdag 27.8. kl 16:00 – 19:00

 

Åkrafjordtunet ein langdag: 
Onsdag 28.8. kl 16:00 – 19:00

 

Røysting på institusjon:
Etne omsorgssenter onsdag 21.8. kl 10:00 – 11:30
Skånevik omsorgssenter tysdag 27.8. kl 14:00 – 15:30
Stova onsdag 21.8. kl 12:00 -13:00

 

Ambulerande røysting:
Dersom du p.g.a sjukdom eller dersom du er ufør og av den grunn ikkje kan koma til vallokalet på valdagen den 9.9.19 og heller ikkje kan førehandsrøyste, kan du søkja om å få røyste heime. Søknaden kan vera skriftleg eller du kan ta kontakt på tlf 53 75 80 00. Søknad om slik røysting må vere Etne Valstyre i hende innan fredag 30.8.19. Ambulerande røysting vil bli gjennomført tysdag 3.9.19.

 

Utlegging av manntal:

Juli/august 2019
Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn
Valstyret legg manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det lar seg gjere. Manntalet skal ligge ute til og med valdagen. Valstyret kunngjer tid og stad for utlegginga og opplyser også om tilgang til, og framgangsmåte for, å kreve feil retta.

 

Stemmerett og manntal
Manntalet er ein oversikt over alle som har stemmerett. For å kunne stemme må du vera innført i manntalet i ein kommune.

 

Er du innført i manntalet?
Alle med stemmerett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der folkeregisteret har registrert deg som busett 30. juni i valåret.
Dersom du flyttar til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.

 

Veljarar busett i utlandet
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert da du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søke den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet.

Du søker om å bli innført i manntalet ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert nytta ved førehandsrøysting utanriks. Førehandsrøyster du i Norge eller ikkje nyttar den nemnde omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan gjerast i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.  Søknaden må innehalde ein erklæring om at du framleis er norsk statsborgar.

Søknaden må komme fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret innan 10. september kl. 17.00.

 

Du må ha stemmerett for å kunne stemme.

 

Ved kommunestyre- og fylkestingsval har følgjande personar stemmerett, jf. vallova § 2-2:

Alle som har stemmerett til stortingsval, og ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei er

• norske statsborgarar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og er eller har vore registrerte som busette i Noreg

• statsborgarar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrerte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret

• utanlandske statsborgarar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrerte som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

 

Når det gjeld butid for utanlandske statsborgarar, er det eit krav at butida er registrert som samanhengande dei tre siste åra.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut