Den norske kyrkja

Val av sokneråd i Etne og Skånevik sokn

- Innlevering av lister

Nominasjon av kandidatar til soknerådsvalet skjer i tida fram til 1. mai 2011.
Framlegg på kandidatar til soknerådet kan meldast til ditt sokneråd innan 27. april 2011.

Valføre er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som seinast i 2011 fyller 18 år, og som ikkje er frådømt røysteretten i andre offentlege val.
Det er høve til å levere inn alternativ kandidatliste innan fristen 1.mai 2011.

Framlegg til kandidatliste skal vere underskriven av 10 røysteføre medlemmer. Ein av underskrivarane skal førast opp som kontaktperson.Kandidatar skal vere oppført med fornamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og alder, samt adresse og yrke/stilling.Kandidatlista skal ordnast i prioritert rekkefølgje (ikkje alfabetisk).
Kandidatlister bør ha minst 40 % representasjon av kvart kjønn, og minst 20 % representasjon av ungdom under 30 år.

Kyrkjevalet finn stad (11.-) 12. september 2011, med førehandsrøysting frå 10. august.
Direkte val på leke medlemmer av bispedømmerådet finn stad samstundes med soknerådsvalet.
www.kyrkjevalet.no 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut