Planområde Holmen

Varsel om oppstart av detaljregulering for Holmen

Utviding av Etne omsorgssenter i Etne kommune.

I samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8 varslast det om oppstart av arbeid med detaljregulering, på gnr 9/1, 9/2 m.fl. i Etne sentrum, iht. K- sak 018/14 den 10.04.2014 og oppstartsmøte den 28.04.2014.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ei utviding av Etne omsorgssenter austover. Området omfattar dagens omsorgssenter, samt eit område i kommunedelplanen for Etnesjøen, vist som T1 som er avsett til dette formålet. Det er også tatt med ekstra areal ned til elva frå både T1 og frå dagens omsorgssenter samt ei rekkje med hus på nordsida av E134 fram til krysset Fv34 og E134, særleg med tanke på endring av fortau og avkjørsler. Den austlege delen av planområdet grenser til E134 mot sør og elva imot nord. Planområdet er ca. 86 daa. Plana blir i samsvar med gjellande kommuneplan.

Tilkomsten til det eksisterande omsorgssenteret vert som før, imens tilkomsten til nybygget truleg vert frå E134.

 

Planarbeidet vert utført av Etne kommune. Eventuelle spørsmål kan rettast til kommunen på tlf 53 75 8236 eller på e-post: roar.baevre@etne.kommune.no

Eventuelle merknader kan sendast inn til kommunen:

Etne kommune. Postboks 54, 5591 Etne

Eller e-post: post@etne.kommune.no

innan 14.08.2014.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut