Tysse kai_utsnitt

Varsel om oppstart av detaljregulering for Tysse kai II

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 blir det varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering på g.nr./b.nr. 93/1 og 94/1. 

 

Planavgrensing er vist under, området strekk seg frå dagens kai i sørvest og austover til utløpet av Eikemoelva.

Tysse kai_kart.jpg

Føremålet med planarbeidet er endringar i gjeldande reguleringsplan for Tysse kai vedtatt 18.12.2012. Viktigast er flytting av lokalitet for småbåthamn frå området aust for dagens kai til vest for Bakkabekken. Dette vil gi ei tryggare heilårsløysing. Utvida planområde er om lag 19 dekar. Andre arealføremål er trafikkareal/parkeringsplass, kai, hamneområde i sjø, naust, mm. Tilpassing til ny arealdel for kommuneplan vil bli arbeidd med parallelt. Ev. flaum- og skredfare må avklarast av fagkonsulent.

Planarbeidet blir utført av Etne kommune. Spørsmål kan rettast til Erik Kvalheim, tlf 53758221 eller på e-post: erik.kvalheim@etne.kommune.no .
Meir informasjon, inkl. dagens reguleringsplan og kommuneplan for området finn du her.

Innspel kan sendast til: Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post: post@etne.kommune.no - innan 10.04.17.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut