Plan Birkenesbøen

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Birkenesbøen – del av gnr. 9, bnr. 17 – Etne kommune

Oversiktskart
Planomr_birkenesb
Plan Birkenesbøen

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal AS på vegne av grunneigar, Trygve Birkenes,  skal utarbeide forslag til reguleringsplan for bustader i Etne kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar delar av gnr. 9, bnr. 17. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Etne kommune og Omega areal AS.

 

Området er i eksisterande reguleringsplan sett av til landbruksføremål og bustad/næring. Området som i dag er avsatt til landbruksføremål er lite og ligg inneklemt i bustadområdet. Området er i dag nytta til hagehald med nokre grønnsaker og frukttrer. Området er av Etne kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då det er snakk om eit mindre landbruksareal, og det ikkje kjem inn under oppfangskriteria i § 4 f) i forskrifta.

 

Eksisterande vegtilkomst til allereie utbygd bustadfelt vil verta nytta til dei nye eigedomane. Ein mindre del av arealet vil verta avsett til leikeområde. Eksisterande føresegner for bustadområde vil verte nytta med nokre justeringar mellom anna vil vi opne for fleire takformer, då det allereie er bygd både saltak, pulttak og flatt tak i områda rundt.

 

Varslingskart

 

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal, tlf 977 40 808 / 975 40 000.

 

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no  - innan 29.11.2013.  

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut