Utsnitt frå gjeldande kommunedelplan for Etnesjøen

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Gjerdsvik naustområde

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal AS på vegne av grunneigarar og rettshavarar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for naust og småbåthamn i Osvåg, Etne kommune.

Oversiktskart
Oversiktskart.
Planområde
Planoversikt.
Utsnitt frå gjeldande kommunedelplan for Etnesjøen
Utsnitt frå gjeldande kommunedelplan for Etnesjøen.

Planområdet går fram av vedlagte kart.  Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Etne kommune og Omega areal AS.

 

Området er i gjeldande kommunedelplan sett av til naust, fylling i sjø og småbåthamn. Området ligg mellom sjøen og vegen. Området er av Etne kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då det er snakk om arealbruk i samsvar med gjeldande overordna plan.

 

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal, tlf 469 82 007.

 

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no  - innan 10.01.2014.  (Ny frist)

 

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Varsling Gjerdsvik - nett.pdf

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut