img_6582_600

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Lauareid næringsområde

Del av gnr. 55, bnr. 3 – Etne kommune

img_6582_600.jpg

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for næringsområde på Lauareid i Etne kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Etne kommune og Omega Areal AS.

Området er i gjeldande kommuneplan sett av til næringsføremål og LNF- område, og ligg nord for Lauareidtjørna og aust for E134. Området vil bli nytta til produksjon og lagring av murstein frå nærliggjande steinbrot og til uttak av stadeigne massar i samband med utviding av planert areal. Restarealet vil bli regulert til LNF- føremål.

Det vil verte utarbeidd ein planomtale for det involverte areal.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal, tlf 469 82 007.

 

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no  - innan 17.01.2014.  

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

 

Varslings Lauareid

 

Oversiktskart 3_700x447.jpg

Oversiktskart

Utsnitt frå kp_700x471.jpg

Utsnitt frå gjeldande kommuneplan for Etne 2003 – 2013, med nærbilete frå fonnakart.no

Varslingskart rev_700x1019.jpg

Planområde

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut