Bilde

Varsel om oppstart av mindre reguleringsplanendring for Etnesjøen del 2 – Tonganevegen

I medhald av plan og bygningslova § 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av endring i reguleringsplan for Etnesjøen del 2 – Tonganevegen (plan-id R-108), deler av gnr 32, bnr 140, 41 og 179, med fleire.
Det politiske vedtaket som ligg til grunn for oppstart av planarbeidet er Komite Natur som i møte 07.07.2011, saksnummer 083/11, vedtok: ”Med heimel i § 12-8 i Plan- og bygningslova, vert det varsla oppstart av reguleringsendring for Gamleelvsvegen for å få inn auka vegbredde frå 5,5m til 6,5m med 2,5 m fortau på begge sider og opning for justert kryssplassering for brannstasjon, Old River Saloon og Skakkesenteret”.
Planområdet er cirka 24 daa. Alle avkjørslar og båe fortaua inngår i planen. Føremålet med reguleringsendringa er å regulere for utviding til to køyrebanar og bygging av fortau langs nordsida av Gamleelvsvegen, noko som noverande reguleringsplan ikkje opnar for. På sørsida er det allereie fortau. Planen er justering av føremålsgrensene og er av administrasjonen vurdert til å vere ein mindre endring.

Merknadar sendast til Etne kommune, postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til firmapost@etne.kommune.no. Frist for merknadar er satt til 05.10.11.

Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 37.

Link til:

Plangrense

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut