EU9A2328_29_30_tonemapped Panorama

Varsel om oppstart reguleringsarbeid

Detaljregulering for Sardinfabrikken, Skånevik i Etne kommune.

FOTO: ROAR BÆVRE

Gnr./ bnr: 131/3, 131/100, 134/0, 134/43, 134/128.

I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningslova, vil me med dette informera at det blir sett i gang arbeid med forslag til reguleringsplan for ovannemnte område.

Planområdet er på ca. 8,5 daa inkl. område i sjø og elv. Området har formåla bygg og anlegg som skal bevarast, kommunalteknisk anlegg, kjøreveg, gang-/sykkelveg, felles avkjørsler og parkering i eksisterande reguleringsplan: Skånevik Del 1-Senterum. Området er i kommuneplanen sett av til sentrumsområde, gang og sykkelveg samt hovudveg.

Planarbeidet tar først og fremst sikte på å leggje til rette for bustad og fritidsbustad innanfor Gnr./ bnr: 131/3 (Sardinfabrikken). Planen skal likevel også gi rom for mulig etablering av småskala næringsverksemd. Sjølve Sardinfabrikken skal bevarast så langt det lar seg gjera gjennom ein rehabiliteringsprosess, annen bygning på eigedommen rives og frigjer plass til ny bygning. Avkjørsel frå Gnr/bnr:131/3 vil bli stengt for småbiltrafikk, ny bru etablert over elva fram til kommunalt vegareal på Gnr/bnr:134/9. Formål i planen: Offentleg kyststi langs kai, småbåthamn,  småblokkbygnad, kombinert formål: konsentrert –fritidsbygnad/småblokkbygnad, kontor, tenesteyting, lettare industri, verkstad, lager, forretning, overnatting.  Avkøyring mot offentleg veg, offentleg anlegg og fellesareal vil også væra ein del av planen.  

Det er vurdert å være unødvendig med konsekvensutgreiing i planprosessen.

 

(Varsel om igangsetting av arbeid med reguleringsplan vedlagt planprogram finnes også på Etne kommune sine nettsider.)

 

For nærare informasjon kan du kontakta Petter Rasmussen AS, tlf: 91569438. 

 

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendas til:

 

Petter J. Rasmussen AS
Diktervegen8, 5538 Haugesund
maren@petter-rasmussen.no

innan 04.07.2016

 

Vedlagte kart:

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut