Reguleringsområde

Varsel vedrørande reguleringsplan

Varsel om oppstart av endring av reguleringsplan for fritidsbustader på del av gnr 139 bnr 2 og 5, Veavik, Etne kommune.

Oversiktskart  Reguleringsområde.jpg  .png

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal as skal utarbeide forslag til mindre endring av reguleringsplan for fritidsbustader i Veavik, Etne kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar del av gnr 139, bnr 2 og 5.
Tiltakshavar er Svarga AS og grunneigar Helge Hus.
 
Føremålet med planarbeidet er omregulering av bygde naust til hytter, justering av eksisterande situasjon til slik det er utbygd, og innarbeiding av bustadtomt.
 
Området er i kommuneplanen sin arealdel sett av til LNF område og LNF område med spreidd fritidsbustader. I eksisterande reguleringsplan er området regulert til mellom anna naust, småbåthamn og parkering. Etne kommune har konkludert med at planendringa ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing(KU).
 
For nærare informasjon kan du kontakta Omega areal as, tlf 975 40 000
 
Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega areal as, Kvassanes, 5582 Ølensvåg eller epost:areal@omega.no - innan 31.01.2013.            
 
Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til Etne
kommune. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut