Vedtak av planprogram for kommuneplan 2015 – 2025

Kommunestyret har i sak 007/15 i møte den 24.2.2015 vedteke planprogram for kommuneplanen for Etne kommune 2015 – 2025. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § § 4-1 og 11-13.

Her er lenkjer til:

Innspel til kommuneplanen
Planprogrammet er utgangspunkt for vidare arbeid med kommuneplanen. Ynskjer du å koma med framlegg til endring av kommuneplanen er dette tidspunktet for handling. Nedanfor fylgjer skjema for innsending av innspel. Det er eit skjema for framlegg til samfunnsdelen og eit skjema for framlegg til arealdelen. Om du vil at kommunen skal vurdere ditt innspel må du fylle ut skjema og sende dette til kommunen.

Kommunen må ha utfylt skjema i hende innan 12.4.2015.

Ein kan sende skjema på e-post til post@etne.kommune.no  eller per brevpost til Etne kommune, postboks 54, 5591 Etne. Merk e-post eller brev med «framlegg til kommuneplan 2015 – 2025» og om framlegget høyrer til samfunnsdel eller arealdel. Innspel til samfunnsdelen kan gjelde til dømes skule, helse og omsorg, folkehelse osb. Sjå punkt 4 i planprogrammet for ei opplisting av tema kommuneplanen skal/kan omhandle.

            -Skjema for innspel til samfunnsdel PDF document ODT document

            -Skjema for innspel til arealdel PDF document ODT document

Har du spørsmål angåande innsending av innspel til kommuneplanen kan desse rettast til kommunen på telefonnummer:  53 75 82 39 eller 53 75 80 00. Syner elles til plan- og bygningslova, som ein kan finne på www.lovdata.no, og planprogrammet. Både plan- og bygningslova og planprogrammet set rammer for kommuneplanprosessen.  

Kommunen skal ha folkemøter i samband med kommuneplanprosessen i næraste framtid. Tid og stad for folkemøte vert kunngjort på kommunen sine heimesider.  

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut