Vedtak av trasèval i Etne kommune for kommunedelplan E134 Bakka i Etne kommune - Solheim i Vindafjord kommune

Kommunestyret har i sak 61/15,  den 29.9.2015 gjort endeleg vedtak for kommunedelplan for nytt traseval for E134  frå Bakka til Vindafjord kommunegrense, planid 201503. Kommunestyret vedtok fylgjande:

K- 061/15 Vedtak:

Med heimel i Plan- og bygningslova Kap 11 vert framlegg til kommunedelplan for E134 mellom Bakka i Etne og fylkesgrensa  mellom Hordaland og Rogaland vedtatt slik:

  1. Etne kommune vedtek vegvesenet si tilråding for val av trase for ny E-134 gjennom Etne kommune, alternativ b -daglinje- mellom Vågen og Moe. Aust for Moe vel Etne kommune alternativ a gjennom Steinshagen til Austrheim. Vidare frå Austrheim vel ein alternativ b, med kortast mogeleg tunnel på Vae.
     
  2. Etne kommune vedtar vegvesenet si tilråding når det gjeld plassering av følgjande kryss:
    Planskilt kryss på Fikse, planskilt kryss ved Vågen - avkøyring til Etne sentrum frå sør til eksisterande E134 på Matskor – ,planskilt kryss på Mo - avkøyring til Etne sentrum frå aust -, T-kryss på Hovland og T-kryss på Norheim.
     
  3. Etne kommune vedtar vegvesenet si tilråding for val av vegstandard H5 så langt som råd gjennom kommunen, frå kommunegrensa til Grønstad.
     
  4. Etne kommune vedtar føresegnene og retningslinene slik dei ligg føre med følgjande endring i §3.1: Omsynssone for bandlegging vert redusert slik at gnr. 5 bnr. 6,7,15 og 20 (Bustadområdet langs elva på Mo som er under regulering) vert tatt ut av sona. Det same gjeld området langs eksisterande E134 der det er planlagd bygging av gang-/sykkelveg m.m. i samsvar med eigen reguleringsplan og nytt kryss og avkjørsle til industriområdet på Fikse.
     
  5. a) I detaljregulering må det utarbeidast planar for gjenbruk av matjord og andre massar frå anlegget
    c) Ein må under og etter utbygging ha særleg fokus på tilbakeføring av dyrka mark. Ved forbruk av dyrka mark bør ein så langt som råd erstatta den med nydyrking.

Kommunedelplan

Sjå kommunen sine heimesider: www.etne.kommune.no for plankart, føresegner og møtebok i saka. Vedtak vert òg å finne i kommunen sine bibliotek. Eventuelle spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sine vedtak etter kapittel 11, § 11-15 kan ikkje klagast på.

Moglege krav om erstatning eller ekspropriasjon kan krevjast i medhald av § 15-1 etter 4 år, frå 26.11.2019,  om eigedommen ikkje er regulert eller endra til anna føremål i arealdelen.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut