Du er her: Heim Born / familie Barnehage

Vedtekter for kommunale barnehagar

Lov om barnehagar § 7 fjerde ledd slår fast at barnehageeigar skal fastsetja barnehagen sine vedtekter. Vedtektene skal vera i tråd med Lov om barnehagar, og skal gje opplysningar som er av betyding for foreldre/føresette sitt forhold til barnehagen.
Barnehagane i Etne kommune skal gje eit variert tilbod med utgangspunkt i Rammeplan for barnehagen. Det skal utarbeidast årsplan for den pedagogiske verksemda, der det skal synleggjerast korleis den enkelte barnehage skal arbeida for å gje barna god utbytte av opphaldet i barnehagen.
Barnehagane har stor grad av fridom til korleis dei legg opp drifta, og i årsplanen vil ein finne detaljar om kvardagen i den einskilde barnehage.

Vedtekter

1. Eigarforhold
Etne kommune er eigar av dei kommunale barnehagane, og rådmannen er ansvarleg for at drifta er i samsvar med Lov om barnehagar med dei til ei kvar tid gjeldande forskrifter.

2. Formål og innhald etter Barnehagelova § 1 og § 2
Barnehagen skal gje barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetstilbod i nær forståing med heimen.
Barnehagen skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon.
Barnehagen skal vera ei pedagogisk tilrettelagt verksemd, og skal hjelpa heimen med å gje barna gode oppvekstvilkår. Verksemda skal driva i samsvar med gjeldande lover og føresegner.pr
Departementet fastset Rammeplan for barnehagen. Rammeplanen skal gje retningslinjer for innhald og oppgåver i barnehagen, med høve for lokale tilpassingar.
Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalet for kvar barnehage fastsetta ein årsplan for den pedagogiske verksemda.

3. Foreldreråd
Barnehagen skal ha eit foreldreråd. Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle borna i barnehagen, og skal fremja deira felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.
Foreldrerådet skal velja representantar til samarbeidsutvalet for eit år om gongen, og kan velja eige arbeidsutval.
Ved avstemming i foreldrerådet gis det ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld.

4. Samarbeidsutval
Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval. Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ, og skal vera sett saman av foreldre/føresette og tilsette slik at kvar gruppe er likt representert. Kommunestyret vel ein eigarrepresentant med vara som fast medlem for kommunestyret si funksjonstid. Styrar har sekretærfunksjon, og har rett til å møte, tale og til å komma med framlegg.
Kommunen kan etter barnehagelova ha felles samarbeidsutval med skular der dette er naturleg. Foreldre/føresette frå både skule og barnehage skal ved ei slik ordning vera representert.
Det skal veljast ein leiar for samarbeidsutvalet for eit år om gongen.
Ved avstemming har kvar representant ei stemme, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld. Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.
Samarbeidsutvala i barnehagane til Etne kommune er sett saman slik:
Enge barnehage: To representantar for foreldre/føresette, to representantar for tilsette, ein eigarrepresentant, samt styrar.
Skånevik barnehage: To representantar for foreldre/føresette, to representantar for tilsette, ein eigarrepresentant, samt styrar.
Rygg barnehage: To representantar for foreldre/føresette, to representantar for tilsette, ein eigarrepresentant, samt styrar.

5. Opptak av born
Opptaket skjer i samsvar med Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage.
Den geografiske opptakskrinsen til dei kommunale barnehagane er Etne kommune.
For opptak gjeld særskilde kriteria etter følgjande prioritet:

1) Born med nedsett funksjonsevne som etter fagkunnig vurdering kan ha nytte av barnehageopphald.
2) Born det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4.
3) Sosiale, medisinske eller pedagogiske årsaker hjå barnet eller familien elles, etter tilråding frå faginstans (PPT, sosialkontor, barnevernstenesta, helsesyster, lege).
4) Søsken bør så langt råd få gå i same barnehage.
5) Barn med einslege foreldre.
6) Barn der båe foreldra er i arbeid utanfor heimen.
7) Alle andre barn.

Der borna elles står likt, skal alder prioriterast ved opptak ved at eldre går føre yngre. Vidare vil søknad om full veke telje meir enn mindre tal på dagar i barnehagen.
Søknad om barnehageplass på www.etne.kommune.no med søknadsfrist 1. mars.
Søknad om endra opphaldstid gjer ein også på www.etne.kommune.no med søknadsfrist 15. februar.
Opptaket skal vera ferdig innan 1. april. Det vert då sendt ut svar til alle søkjarar.
Born som har barnehageplass treng ikkje søkja årleg.
Søkjar må spesifisere tal på dagar i veka og kva for dagar. Kommunen vil prioritere best mogeleg utnytting av barnehageplassane. Full veke får difor høgste prioritet ved opptak. Ein rår difor søkar til å gjere fleire val og velja prioritet.
Styraren har ansvar for at barnet får eit tilbod om plass som er best mogleg i samsvar med søkjar sitt ønske og innanfor dei føringane som ligg til grunn.
Begge/alle born av fleirbarnsfødsel skal reknast som eit barn ved opptak.
Etne kommune skal leggja til rette for at alle godkjende barnehagar i kommunen, private og kommunale, samarbeider om opptak av barn.
Frist for tilbakemelding er 8 dagar etter mottak av tilbod. Klagefristen er 3 veker etter mottak av vedtak. Klageinstans er kommunen si klagenemnd. For seint innkomne svar kan gje tap av plass.

6. Opptakskrins
Dei kommunale barnehagane tek opp born busette i Etne kommune. Dersom borna flyttar ut or kommunen, vil ein missa retten til plass i kommunale barnehagar. Dersom det er ledige plassar, kan ein etter søknad frå andre kommunar ta inn born frå heimkommunen.

7. Aksept av plass
Frist for tilbakemelding er 8 dagar etter mottak av tilbod. For seint innkomne svar kan gje tap av plass.
Når styrar tildeler plass, er dette å sjå på som eit enkeltvedtak. Vedtaket kan difor påklagast. Klagefristen er 3 veker etter mottak av vedtak. Klageinstans er i første omgang den einskilde barnehagen. Finn ein ikkje ei løysing, vert saka sendt vidare til kommunen sitt klageorgan via rådmannen for endeleg avgjerd.

8. Oppseiingsfrist og vilkår for oppseiing
Inngått kontrakt gjeld til barnet byrjar på skulen eller til den vert sagt opp.
Oppseiing av kontrakten kan skje heile året og kan gjerast gjensidig av begge partar. Oppseiingstida er 3 månader. Det kan søkjast om kortare oppseiingstid etter desse kriteria:

  • Endra arbeidstilhøve (oppseiing, permisjon)
  • Sjukdom over lengre tid hos barnet eller foreldre (legeattest må leggjast fram)
  • Flytting frå kommunen eller innan kommunen som fører til store ulemper i samband med henting og bringing av barnet
  • Endra familiesituasjon (separasjon, skilsmisse)
  • Barnet viser sterk vantrivsel i barnehagen over tid
  • Andre spesielle høve som kan gje grunnlag for kortare oppseiingstid

Ein må i alle høve betala for inneverande og påfølgande månad.
Endring av kontrakten vert å sjå på som oppseiing av gammal kontrakt, og ny kontrakt skal skrivast. Endringar bør skje til sommaren eller rundt årsskiftet.
Ved misleghald av kontrakten er oppseiingsfrist for kommunen 14 dagar. Definisjon av misleghald er manglande innbetaling i meir enn 3 månader.

9. Permisjon
Det kan søkast om permisjon frå barnehageplassen den 1. eller 15. i månaden. Søknaden vert handsama av styrar, og det skal takast omsyn til samansetjinga av barnegruppa og høvet til å fylla opp plassen midlertidig. Ved permisjon må det betalast for ein månad frå den dato søknaden er motteken. Permisjon vert normalt gjeven ut barnehageåret, og vert ikkje gjeve til nye barn som ikkje har starta i barnehagen.

10. Foreldrebetaling
Stortinget har fastsett maksimal brukarbetaling for barnehagetenester. Satsane til Etne kommune skal samsvara med desse.
Faktura for barnehagetilbod vert sendt ut månadleg, og skal innehalda opplysningar som opphaldstid, mjølk, frukt og smørjemat.
Det skal betalast for 11 månader. Juli er betalingsfri månad. Betalingssatsane kan endrast etter vedtak i Kommunestyret med påfølgjande éin månads varslingstid.
Barnefamiliar med låg betalingsevne
Etter forskrifta skal kommunen ha ordning med reduksjon i foreldrebetalinga for barnefamiliar med låg betalingsevne.
Vilkåret for reduksjon i foreldrebetalinga er at inntekta må dokumenterast. Ansvaret for å leggja fram ligg hjå betalar. Først når dokumentasjonen er lagt fram, vil ordninga om reduksjon tre i kraft.
Likningsattest for siste likning må leverast til barnehagen.
Familiar med samla nettoinntekt under 2 G (kr. 151.282,- pr. 1.5.2010) får 33 % reduksjon i foreldrebetalinga etter søknad. For born med delt omsorg gjeld samla nettoinntekt for båe foreldra.

Søskenmoderasjon
Det vert gjeve søskenmoderasjon. Gjeldande moderasjon er:

  • 32 % for første søsken
  • 50 % for andre og fleire søsken

Moderasjon skal omfatte søsken som bur fast saman. Søsken vert definert som heil og
halvsøsken. Søskenmoderasjon skal gjelde uavhengig av om barn går i same eller i ulike barnehagar.
Ved fråvær over 4 samanhengande veker grunna sjukdom eller andre særskilte grunnar, kan det søkast fritak frå foreldrebetaling. Søknad med dokumentasjon skal sendast barnehagen v/styrar.

11. Barnehagen si opningstid
Barnehageåret startar 1. august og sluttar 31. juli neste år.
Enge, Rygg og Skånevik barnehagar har ei dagleg opningstid frå kl. 0700 – 1630.
Det skal avviklast fire veker ferie for barna innanfor barnehageåret. Tre av vekene skal vera samanhengande innan perioden 1. juni til 30. september. Det året barnet byrjar på skulen, må ferien avviklast før 1. august. Barnehagen må få skriftleg melding om ferie seinast ein månad før feriestart, og innan 1. mai. Dersom slik melding ikkje blir gjeve, fastset styrar ferie for barnet.
Enge og Skånevik barnehagar gjev barnehagetilbod i juli. Born med plass i Rygg barnehage kan nytta seg av tilbodet i Enge barnehage ved behov. Rygg barnehage stiller med tilstrekkeleg personale for borna frå Rygg.
Barnehageruta spesifiserer dei 5 årlege planleggjingsdagane for dei tilsette. Desse 5 dagane er barnehagane stengde.
Barnehagane er stengde julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagane kl. 1200.

12. Internkontroll, helse- og hygieniske forhold
Barnehagen har ansvar for barna medan dei er i barnehagen. Det er utarbeidd eigne rutinar for å sikra tryggleiken til barna, både innan barnehagen sitt område og når barnehagen tek barna med på tur.
Det interkommunale helsemyndet innan miljøretta helsevern fører tilsyn med helse- og hygieniske forhold i barnehagar. Barnehagane har å retta seg etter dei til kvar tid gjeldande krav i Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar. Barnehagane i Etne er underlagt Etne kommune sitt internkontrollsystem.
Kommunen har ansvar for ulykkes- og skadeforsikring av barna.
Før eit barn tek til i barnehagen, skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinære undersøkjingar på helsestasjon, kan foreldre/føresette gje slik erklæring.

13. Leike- og opphaldsareal
Netto leike- og opphaldsareal innandørs skal for kvart barn vera minimum

  • 4,0 m² for barn over 3 år
  • 5,3 m² for barn under 3 år

Utearealet bør vera om lag 6 gonger opphaldsarealet inne.
Arealnorma i barnehagane til Etne kommune er i samsvar med Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

14. Personale
Kvar barnehage skal ha ein styrar som har den daglege leiinga av verksemda. Styraren skal ha utdanning som barnehagelærar eller annan barnefagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning. Når barnehage og skule er organisert som ei verksemd, kan rektor vera styrar for barnehagen.
Kvar avdeling skal vera leia av pedagogisk leiar med førskuleutdanning.
Det skal vera ein pedagogisk leiar pr. 14-18 barn når barna er over tre år, og ein pedagogisk leiar pr. 7-9 barn når barna er under tre år.
Bemanninga ut over dette skal vera tilstrekkeleg til at personalet kan driva ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd.
Den som skal arbeida i barnehage skal leggja fram tilfredsstillande politiattest som viser om personen er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot born. Personar som ikkje kan leggja fram tilfredsstillande politiattest, er utelukka frå arbeid i barnehage.
Alle tilsette i barnehagen har teieplikt i samsvar med Forvaltningsloven § 13.
Barnehagen har opplysningsplikt til sosialtenesta og barnevernstenesta slik det er omtala i Barnehagelova §§ 21 og 22.

15. Endring av vedtektene
Kommunestyret (barnehageeigar) skal fastsetta barnehagen sine vedtekter. Endringar av vedtektene skal gjerast av kommunestyret.
Rådmannen har mynde til å endra vedtektene når dette er som følgje av endringar i Lov om barnehagar, avtaleverket eller kommunen sitt årlege budsjettvedtak.