Veg Skånevik-Etne på dagsorden

Ordførar Sigve Sørheim har invitert fylkesutvalet i Hordaland til Etne for i hovudsak sjå på vegstrukturen vår, i tillegg til å presentera den fine kommunen og kanskje leggja inn eit bedriftsbesøk.

Det er slik i Etne, som i dei fleste kommunar, at arbeid med veg/infrastruktur er høgt prioritert. Kommunen er inne i ein god prosess i forhold til E-134, med utsikt til oppstart i Stordalen neste år. Når det gjeld fylkesvegnettet så er det veg Skånevik-Etne som står på dagsorden. Det blei vedteke ein kommunedelplan på tunnel Skånevik-Etne i desember 2008. I fleire møter med Fylkeskommune og Statens Vegvesen i tida etterpå, er kommunen blitt oppfordra til å ta ein intern runde i forhold til prioriteringa og om opprusting av eksisterande veg kan vera eit alternativ. Det er gjort i høve uttalen til RTP. Eit fleirtal i kommunestyret ynskjer no ein planprosess på oppgradering av Rv48 frå E-134 til Skånevik med to mindre tunnelar. Me har behov for hjelp frå vegeigaren Hordaland Fylkeskommune, korleis me tar saka vidare.

Tips ein ven  Skriv ut