Vegvedlikehald

Oppdatert: 23.05.2017 09:28
Generelt
Omtale

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken. Det kan til dømes vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåvene kan vere

  • feiing og reinhald
  • fjerning av søppel
  • klipping av vegetasjon
  • rydding i kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei alminnelege erstatningsreglane. 

Regelverk
Sjå spesielt forurensningslova § 81 Forurensningsmyndighetene og veglova kap. III Planlegging, anlegg og vedlikehold av veg
 


Lover
Forurensningsloven
Veglova
Praktiske opplysninger
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Drift og vedlikehald
Leder:Kristin Hagland
Kontaktpersonar
Reidar Frette (Driftsoperatør)
Telefon: 94158451
Mobil: 94158451
Telefaks:
Epost: reidar.frette@etne.kommune.no
Axel Kruger (Rådgiver)
Telefon:
Mobil:
Telefaks:
Epost: axel.kruger@etne.kommune.no
Arnold Solheim (Driftsoperatør)
Telefon: 53758241
Mobil: 90103453
Telefaks:
Epost: arnold.solheim@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2017-05-23 09:28