Kultur- og frivilligprisen 2019 gjekk til Solveig Stølås, her med varaordførar Kenneth Karlsen.

Veit du om eldsjeler som fortener å bli sett pris på?

Nokon som gjer ein stor innsats innan kulturliv og frivillig arbeid i kommunen vår? Då håpar me du leverer forslag på kandidat til Kultur- og frivilligprisen for 2020!

Prisen kan delast ut til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrka kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle planet. Personar busette i og utanfor kommunen kan komme i betraktning ved utdeling av prisen, for lag og organisasjonar gjeld at dei skal ha sin hovudaktivitet innafor Etne kommune.

Prisen blei delt ut første gong i 2012, og i tillegg til heider og ære, får prisvinnaren diplom og gåvesjekk på 10.000 kroner. Verdige mottakarar har vore:

2012  Lars Olav Bergsvåg

2013  Endre Tjelmeland

2014  Alf Warloe Christophersen

2015  Hans J. Becker

2016  Nils Aasheim og Etne Skulekorps (delt)

2017  Anne Lise Lien

2018  Finn Ove Solberg

2019  Solveig Stølås

Statuttar og skjema for å fremja forslag på kandidat finn du her: https://www.etne.kommune.no/kulturpris.372713.nn.html
Fristen for å fremja forslag er 30. oktober.

Tips ein ven  Skriv ut