Nyskapingskonferanse

Velkomen til nyskapingskonferanse

Atheno og Samarbeidsrådet for Sunnhordland ynskjer alle nyskapingsinteresserte velkomen til den niande Nyskapingskonferansen som går av stabelen onsdag 24. april, kl. 09:00 - 15:30, på Høgskulen Stord/Haugesund på Rommetveit. Innovasjon, gründerskap og kreativ leiing står i fokus.

Nyskapingskonferansen har etablert seg som ein fast tradisjon og har vorte ein viktig arena for å henta inspirasjon, utveksla erfaringar, byggja nettverk, samt møta noverande og framtidige samarbeidspartnarar.

Nyskapingskonferansen ynskjer å trekkja fram enkeltpersonar og verksemder som har tenkt nytt, tilført eksisterande næringsliv auka konkurransekraft, eller som gir lokalsamfunnet vårt nye tilbod og spanande arbeidsplassar. Rett og slett personar som har skaparevne og vilje til å trakka opp nye spor der ingen før har gått.

Konferansen er gratis.

For program og påmelding sjå her

Velkomen!
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut