Enge skule_administrasjonen

Velkommen på norskkurs i Etne!

Norskopplæring

I vaksenopplæringa i Etne gir me norskopplæring etter «Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere» og etter «Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere» og «Læreplan i Kunnskapsløftet for voksne.»

Tale- og skriftspråk:
Undervisninga er på bokmål

Organisering:
Me har 2 hovudgrupper etter nivå

Nasjonar:
Det er deltakarar frå mange nasjonar. I 2019 er/var det 13 ulike nasjonalitetar som er/var representerte.

Progresjon:
Elevar kjem på kurset med ulik skulebakgrunn og førkunnskap i norsk. Dette tek me omsyn til når me skal dela inn i grupper og undervisa.

Kartlegging:
Kartlegging av deltakar skjer som regel på det fyrste møtet.
På dette møtet bruker me tolk om det er nødvendig.

Tid:
Opplæringa er på dag- eller kveldstid.

Gratis opplæring:
Ein innvandrar som har fått opphald som dannar grunnlag for permanent opphald eller kollektiv beskyttelse i massefluktsituasjon, har rett til gratis opplæring dersom han eller ho er mellom 16-67 år.

Ikkje gratis opplæring:
For dei som ikkje har rett på gratis opplæring, kan me tilby kurs mot betaling om me har ledig plass på kursa våre.

SAMFUNNSKUNNSKAPSOPPLÆRING
Samfunnskunnskapskurs gis på eit språk deltakaren forstår.
Kurset går 1-2 gonger pr år. Dette er avhengig av kor mange som skal ta kurset.
Som regel går kurset i vinter- og/eller haustferien.

PRØVAR
Tre gonger i året gjennomfører me prøvar:
Vår - mars
Sommar - mai/juni
Vinter - november/desember

GRATIS PRØVE
Deltakarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, får ein prøve gratis. Dette gjeld både norskprøven, munnleg og skriftleg, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven.

IKKJE GRATIS PRØVE
Dei som ikkje har rett til gratis opplæring, kan melda seg opp til prøve og betala ei prøveavgift. Merk: Satsane kan bli endra.

 

Norskprøve munnlegKr 600,-
Norskprøve skriftleg (lesing, lytting og skriving)Kr 600,-
Delprøve (for eksempel berre lytting)Kr 300,-
SamfunnskunnskapsprøveKr 300,-
StatsborgarprøveKr 300,-

 

Info om norskprøven på :

https://www.kompetansenorge.no/norskprove/

 

Info om samfunnskunnskapsprøven:

https://www.kompetansenorge.no/samfunnskunnskapsprove/

 

Etne vaksenopplæring ligg under Enge skule i Etne.
Du finn oss i Bunnspris sine lokale.
Frå hausten 2019 finn du oss i lokala til Enge skule.

 

Rektor ved Enge skule er:
Jon Nilsen
Tlf. 53 75 81 82

 

Leiar i vaksenopplæringa er :
Brit Heggen Mæland
Tlf: 53 75 81 83 (dagtid)
       917 90 448 (kveld)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut