Mona Rasmussen Sævik 1

Velkommen til ny kommunalsjef

Etne kommune ynskjer Mona Rasmussen Sævik, 48 år frå Kopervik, velkommen som ny kommunalsjef frå hausten 2019.

Mona Rasmussen Sævik er tilsett som kommunalsjef for oppvekst og kultur.

- Eg trur eg har fått draumejobben! 

- Det å få vera med å påverke i både oppvekst og kultur tenkjer eg er midt i blinken for meg. Eg har vore lærar på barnetrinn, ungdomstrinn og dei siste ti åra har eg vore rektor i Karmøy kommune. Eg likar meg i jobben, og syns me har tatt gode steg mot det å bli ein lærande skule. Utviklingsarbeid er det eg likar best, og eg likar å bli bedre i det eg jobbar med. Me kan alle bli betre, og det blir me oftast i samarbeid med andre. Det er flott at eg har barnehagane med i denne jobben slik at me kan få til den gode starten som er så viktig om ein skal lukkast vidare. Eg er også intressert i idrett og kultur, og har god erfaring i frå både instruktørsida og i rolla som forelder. 

- Nå har eg fått helse på fleire av dei eg skal arbeide saman med, og det ser bra ut. Eg gler meg til å starte i Etne, og ser fram til eit lærerikt og godt samarbeid. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut