FB arrangement 071113

Velkommen til Sunnhordlandstreff med filmpremiere!

Kjenner du dei tallause karrieremoglegheitene som finst for deg i Sunnhordland?

Bedrifter og kommunar er klare til å inspirere DEG som kjem frå Sunnhordland eller DEG som ynskjer å bli betre kjend med regionen på treff 7. november kl. 18:00.

Staden er MESH i Oslo like ved Stortinget og lokala er fylt med god stemning og kjekke folk frå bedrifter, kommunar og kulturliv i Sunnhordland. Her har du ein unik sjanse til å oppdatere deg på kva regionen kan tilby deg.

Du får også med deg verdspremiere på den nye filmen som skal promotere Sunnhordlandsregionen. I tillegg får du minikonsert der bl.a. den nye Sunnhordlandslåten vert spela. Produsenten bak låten har tidlegare jobba med Timbuktu og DJ Spoek Mathambo!

Her vert det god tid til å knyta kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar!

Det blir tapasbuffet og god drikke, overraskingar og god tid til mingling!

Den som i løpet av kvelden spreier Sunnhordlandsfilmen til flest mogleg facebook-venner vinn ein flott premie!

ARRANGEMENTET ER GRATIS!
Aldersgrense 18 år.

VEKOMMEN til god stemning på Sunnhordlandstreffet!

Meld deg på i dag ved å sende SMS til 917 45 102 eller e-post til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no med namn, studieretning eller arbeidsstad.

Avgrensa tal på plassar!
Har du spørsmål, så ta gjerne kontakt med oss på telefon 53 45 67 90.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut