Velkommen til SYDVEST BOKFESTIVAL

Sydvest bokfestival - for Sunnhordland, Haugalandet, Ryfylke og Hardanger. 25 forfattarar vil fortelja om nye bøker frå 2014.

Opplev kva som skjer lokalt, lær meir om vår kultur og historie og bli kjent med lokale forfattarar. Boksalg og møteplass for forfattarar, forleggjarar,  lokalhistorieinteresserte, fagfolk og publikum.

Frå programmet:

•          Båt, båtbygging og ferjer

•          Hardangervidda og villrein

•          Bygdebøker heilt fram til i dag og slektsbøker

•          Frå forleggjarane sine verkstader

•          Norske låvar, naturstein, gamle kverner, mattradisjonar

•          Barnebøker og romanar

•          Presentasjon av lokalhistorisk arbeid i årbøker frå Etne, Vindafjord, Ryfylke, Sauda, Suldal, Stord, Bømlo, Tysnes, Haugalandet og Hardanger.

 

Samtidig med bokfestivalen vert det arrangert julemesse i foajèen og Storsalen med

•          Salsutstillingar med sal av spennande julegåver, kunsthandverk og lokal tradisjonsmat

•          Open kiosk og kafè med sal av blant anna kioskvarer, middag, graut og bakst

•          Juleverkstad for barn

•          Demonstrasjonar og kurs

•          Song og musikkinnslag, kino

 

Bli med på ei interessant, opplevelsesrik og sosial førjulshelg!

 

Kontaktpersonar

Prosjektansvarleg for Sydvest bokfestival           
Biblioteksjef Etne bibliotek                                      
Marit Rønnevik tlf. 479 04 538                                          

Ansvarleg for julemesse
Prosjektansvarleg ved Skakkesenteret
Yvonne Sandgren tlf. 996 10 177

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut