Marint avfall

Viktig nytt om refusjonsordninga for marint avfall

I år er tidsrommet for å søkje på refusjonsordninga 1. september til 15. november, med utbetaling 20. desember.

Som tidlegare, kan du søkje om refusjon for transport og behandling av marint avfall.

Nytt for 2018 er at du også kan søkje om å få refundert kostnadar for transport av frivillige til og frå ryddestad.

Kva treng du for å søkje?

  1. Avfallet skal vera marint avfall.
  2. Avfallet skal vera herrelaust.
  3. Oppryddinga av avfallet skal vera basert på frivillig innsats.
  4. Lønn og administrative utgifter blir ikkje refundert.
  5. Ryddeaksjonane må registrerast i HNRs ryddeportal: holdnorgrent.no/ryddeportalen
  6. Ryddeaksjonane skal vera avslutta.
  7. Tal kilo/tonn innsamla avfall skal registrerast i ryddeportalen.
  8. Kvar utgift kan ikkje søkjast refundert i meir enn éin søknad.
  9. Utgiftene skal dokumenterast.

NB! Det vert i utgangspunktet ikkje gitt høve til å søkje refusjon for aktørar som har motteke midlar til tiltak mot marin forsøpling direkte frå Miljødirektoratet. Oversikt over aktørane som det ikkje kan søkjast refusjon for, finn de her

Les meir om ordninga på https://holdnorgerent.no/refusjonsordningen/

Søknadsskjemaet blir aktivt 1. september, og vi vil sende ut ei påminning i august.

Har du spørsmål, eller er i tvil om de skal ta imot eller transportere avfall vederlagsfritt, ikkje nøl med å
ta kontakt på refusjon@holdnorgerent.no, eller ring 905 69 619.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut