Landskap i drift - fadderprosjekt

Vil du bli gardbrukar eller har du nettopp teke over? Fordi du skal trivast – møt ein fadder som driv og har svar på spørsmåla dine!

Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar til kjøtproduksjon vert rekruttert, samstundes held ein på å byggja opp eit større miljø rundt allereie aktive gardbrukarar/ kjøtprodusentar. Gjennom dette vil ein få meir trivnad, auka kompetanse i nærmiljøet på lang sikt, og samarbeid t.d. i visse periodar til fordel for den enkelte (sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar). Prosjektet tek utgangspunkt i dagens aktivitetar av faglaga og andre lag knytt til landbruk pluss rådgjevingsapparatet og kjøtforedlinga. Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og ”fadderelevane” vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak. Økonomisk stønad til dei enkelte fadrane skal honorera innsatsviljen deira frå offisiell side, noko som vil vera eit viktig signal ut til næringa.

Fadderprosjektet er ein unik sjanse til å koma i kontakt med erfarne brukar som er interessert i å dele kunnskap, kompetanse og erfaring på ein lett og triveleg måte. Dette for å lukkast med drifta. Me tilbyr eit uformelt samarbeid med rammer som garanterer deg gratis (subsidiert) rettleiing frå fadderen din, eller kurs, nettverksbygging og kontakt med faglaga, som vil gjera starten til ein endå betre ein! Fadrane vil setja pris på å få deg som ny kollega i nærleiken, både for trivnaden og framtida sin del.

Eit kompetent nettverk vil kunne hjelpe deg med mykje:
Trong for: Dei hjelper deg!
Ressursvurdering Fadder
Areal/bygging/maskiner Fadder
Nettverk/tilgong til faglag Fadder
Visjon Fadder
Vurdere driftsplan Fadder/ Norsk landbruksrådgiving
Formidle tomme bygg Fadder
Opplevingar/fjellbeite Fadder
Husdyrlære/plantelære Fadder/ Norsk landbruksrådgiving/ Hordaland sau og geit/ Mattilsynet
Formidling av dyr Fadder/ Nortura
Omsetting Fadder/ Nortura

 

Med 10 aktørar på di side vil du lukkast

1. Hordaland Bondelag, 2. Hordaland Småbrukarlag, 3. Norsk landbruksrådgiving, 4. Nortura, 5. HSG, 6. Mattilsynet, 7. Skogeigarlaget Vest, 8. Fadder, 9. LID, 10. Landbrukskontor

Korleis koma i gong?

Ta kontakt med oss – me vil hjelpa deg med å få kontakt med ”fadderen” din. Fadderen vil tilby 15 timar rådgjeving som han/ ho får dekka av prosjektet. Det kan også bli lagt til rette studietur, bondekafé og enkelte kurs som kan verte nyttig for den vidare drift.
Meld din interesse innan 31. aug!
For meir info kan du også sjekka heimsida vår: www.landskapidrift.no - fadderprosjekt

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut