Illustrasjon

Vil du vera med å tala ungdommen si sak i Etne?

Still som kandidat til Etne ungdomsråd!

I år skal det veljast éin representant frå aldersgruppa 16-19 år.
I tillegg skal det veljast to vara-representantar.
Kanskje dette er noko for deg?
 

Ungdomsrådet skal vera ungdommen si stemme i kommunen og uttala seg om alt som har med ungdom å gjera. Det skal vera 9 representantar + 6 vararepresentantar i Etne ungdomsråd valde av ungdom sjølve i Etne.

Dersom dette er noko for deg, kan du ta kontakt med Dagfinn Garnes-Johnsen innan 4. september:
E-post dagfinn.garnes-johnsen@etne.kommune.no
Mobil   906 71 692  

Fordelinga av representantar skal vera slik:

  • 2 representantar og 2 vara frå Skånevik ungdomsskule
  • 3 representantar og 2 vara frå Enge ungdomsskule
  • 4 representantar og 2 vara blant aldersgruppa 16-19 år
  • 1. vara møter fast i ungdomsrådet.
  • Du vert vald for 2 år om gongen.
  • Vara vert valde for eitt år om gongen.


Dette får du dersom du vert vald:

  • Innverknad på alt som har med ungdom å gjera
  • Opplæring
  • Deltaking på ungdomsråd og samlingar i Vestland fylke
  • Verdifull erfaring
  • Møtegodtgjering


Dette må du dersom du vert vald:

  • Engasjera deg
  • Vera med på 4 møte i året
  • Følgja årsplanen og retningslinjene til ungdomsrådet

 

Tips ein ven  Skriv ut