Vinter_450x301

Vinteren er over oss igjen og vatna frys til

Det er nå god skøyteis på ei rekkje mindre innsjøer i regionen. Så ta isen i bruk før den forsvinn. Før du finn fram skøytene er det imidlertid svært viktig at du sjekkar tjuknaden over heile den isflata du har tenkt å bruka. Sikker tjuknad er 10-12 cm på små vatn og 14-15 cm på større vatn. Lag et hol med øks eller isbor og mål tjukkelsen på isen.

ER ISEN  TRYGG?  -  ELLER ER DEN USIKKER?  

På våre trakter er det ikkje vanlig at nokon offentleg innstans føretar målingar og "godkjenner" isen på innsjøer og fjordar.

Hovudregelen er at det er opp til den enkelte å vurdera om isen er sikker. Før du går ut på isen ber vi deg derfor sjekka grundig om isen er sikker, og husk på at du ferdast på eige ansvar. 

Kontroller tjuknaden ved å hogge/bore fleire hol slik at du veit at isen er trygg på HEILE ISFLATA DU BRUKAR. Sprekker i isen kan gi ein god peikepinn på kor tjukk den er, men for å vera helt sikker bør du bore/hogge mange hol  på ulike stader på vannet/sjøen.

Tips og informasjon om is-trykkleik finn du på   www.FriluftsradetVest.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut