Landbruksbygg

Vurdering av ledige landbruksbygg

Fylkesmannen har framleis midlar til statusvurdering av ledige landbruksbygg.

Ordninga gjev huseigarar høve til å  leige inn fagleg hjelp for tilstandsvurdering av det ledige landbruksbygget eller evt. til hjelp for utvikling av forretningsidé for landbruksbygget.

Framgangsmåten er å søkje til kommunen, som gjev ei anbefaling til fylkesmannen.

Føremål:

1. Stimulere til iverksetjing av idear/planar med siktemål å skape ny næring 
i gamle landbruksbygg.

2. Sikre bygningsarv og kulturhistorie ved at ein tek naudsynleg omsyn under 
restaurering og ombygging.

Søknad:

Send ein kortfatta søknad til kommunen. Denne bør omfatte:

  • Søkjar; namn, gnr. og bnr
  • Adresse, telefon
  • Kontonr
  • Opplysningar om bygget; storleik, alder, historie, materialbruk, m.m
  • Eigedomstilhøve
  • Planar for bruk

 Stønadsomfang:

Tilskotet dekker 75% av eit dagsverk. Eit dagsverk er avgrensa til kr 7 500. D.v.s. maks utbetaling er kr 5625. I særskilde høve kan kommunen innvilge inntil 2 dagsverk.

Det er eit krav at konsultasjonen vert utført av autorisert personell t.d. arkitekt/ byggmeister/ bygningsrådgjevar/ konsulent.

Utbetaling:

Kommunen handsamar søknadene og fattar vedtak om løyving. Etter godkjenning av rekneskap med rapport frå gjennomført prosjekt, sender kommunen inn oppmoding til Fylkesmannen om utbetaling av løyvd tilskot til søkjar.

For meir informasjon: kontakt sakshandsamar Kari Mostad.

Sjå Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut