Ynskjer du å bli støttekontakt?

Støttekontakt

Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samver og ei meiningsfull fritid.

2017-07-06

I Etne har me behov for støttekontaktar. Å vera støttekontakt passar for deg som ynskjer å dela tida di med andre gjennom eit meiningsfullt engasjement på gjennomsnittleg  3 timar i veka pr. person du er støttekontakt for.

Personar som  får tilbod om støttekontak er born, ungdom og vaksne som  kan ha ulike utfordringar med fysisk eller psykisk helse, rus, einsemd el. Støttekontakten fungera som  brubyggjarar mellom vedkommande og ulike aktivitetar.

Søkjarar skal i hovudsak vera fylt 18 år, men i nokre tilfelle kan søkjarar frå fylte 16 år også vera aktuelle for oppdrag. Løn etter gjeldande tariff.

Er det aktuelt for deg å bli støttekontakt kan du registrere din interesse under her.

For meir informasjon kontakt, eining helse:
Elisabeth Lunde Sørheim, konsulent for funksjonshemma
Tlf 91810798/53 75 81 32
Mail: elisabeth.lunde.sorheim@etne.kommune.no

Tip a friendTips ein ven









(gjeld tidlegare, noverande og ev. planlagd utdanning)



Me krev minst 2 referansar frå anten arbeidsgjevarar, organisasjonsarbeid eller skule. NB! Ikkje frå familie, vener, naboar e.l.

Fritidsinteresser:*
Kva type aktivitetar likar du sjølv å halde på med? Kva type fritidsaktivitetar har du kompetanse innanfor? Set fleire kryss dersom naudsynt.



Kven ynskjer du å vera støttekontakt for (kjønn)?*
Alder:*
(set gjerne kryss ved fleire alternativ)
Kan du tenkja deg å vera støttekontakt for personar med*
(set gjerne kryss ved fleire alternativ)
Kva dagar ynskjer du å jobba?*
Kan du tenkja deg å vera støttekontakt for to eller fleire som fungerer godt saman?*
Har du sertifikat og tilgang til bil?*
Me ynskjer å gjera avtale for eit heilt år. Har du høve til det?*