Støttekontakt

Ynskjer du å bli støttekontakt?

Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samver og ei meiningsfull fritid.

I Etne har me behov for støttekontaktar. Å vera støttekontakt passar for deg som ynskjer å dela tida di med andre gjennom eit meiningsfullt engasjement på gjennomsnittleg  3 timar i veka pr. person du er støttekontakt for.

Personar som  får tilbod om støttekontak er born, ungdom og vaksne som  kan ha ulike utfordringar med fysisk eller psykisk helse, rus, einsemd el. Støttekontakten fungera som  brubyggjarar mellom vedkommande og ulike aktivitetar.

Søkjarar skal i hovudsak vera fylt 18 år, men i nokre tilfelle kan søkjarar frå fylte 16 år også vera aktuelle for oppdrag. Løn etter gjeldande tariff.

Er det aktuelt for deg å bli støttekontakt kan du registrere din interesse under her.

For meir informasjon kontakt, eining helse:
Elisabeth Lunde Sørheim, konsulent for funksjonshemma
Tlf 91810798/53 75 81 32
Mail: elisabeth.lunde.sorheim@etne.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut