Skulehelse

Skulehelsetenesta skal bidra til at alle elevane har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Helsesjukepleiarane har faste trefftider på Enge og Skånevik skule. Eleven tek sjølv kontakt med helsesjukepleiar, eller lærar/foreldre tek kontakt/formidlar kontakt. Helsesjukepleiar tilbyr individuelle samtalar og grupper for barn og unge, i tillegg til dei faste konsultasjonane.

Me har oppfølging av barn og unge etter nasjonal fagleg retningslinje 5-20 år og Barnevaksinasjonsprogrammet - (FHI),

Ung i Etne +

Eit samarbeid mellom helsesjukepleiar, SLT og Politi.
Tema: Psykisk helse og seksualundervisning. Digital dømmekraft og Rus- illegale rusmidler og dopingmidlar. 

Faste konsultasjonar

Skulehelse
AlderKva og kven treff du?TemaVaksine
1. klasseSkulestartundersøking med helsesjukepleiar/legeTrivsel/ vanar/ psykologisk førstehjelp/ tryggleikssirkelen
2. klasseIndividuell helsesamtale med elev og føresette med helsesjukepleiarKosthald/ fysisk aktivitet/ eigenomsorg og førebygging av seksuelle overgrep/ valdKikhoste/difteri/ stivkrampe/polio (Tetravac)
3. klasseUndersøking og samtale med helsesjukepleiar
5. klasseUndervisning med helsesjukepleiarPubertet
6. klasseMMR vaksine-meslingar/ kusma/raudehundar (Priorix)
7. klasseUndervisning med helsesjukepleiarGode vanar/ trivsel/ psykisk helse/ vald/ sjølvbilde/ pubertet. Ung i EtneHPV vaksine x 2 (Cervarix)
8. klasseUndersøking og samtale med helsesjukepleiar. Undervisning med helsesjukepleiarKost/ mosjon/ rus/ ungdomstid/ psykologisk førstehjelp
9. klasseUndervisning med helsesjukepleiarSeksuell helse
10. klasseIndividuell samtale med helsesjukepleiar. Undervisning med helsesjukepleiar«Ditt val» i samarbeid med politi/SLTKikhoste/difteri. Stivkrampe/polio vaksine (Boostrix polio)

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
E-post
Telefon 53 75 81 08
Mobil 91 34 49 55

Besøksadresse:
Holmavegen 24, 5590 Etne

Postadresse:
Sjoarvegen 20, 5590 Etne