Ønsker du å ha sykkelopplæring, enten på skulen eller fritida?

Trygg Trafikk har verktøy for både skular og privatpersonar på nettsida Sykkeldyktig

Jente og gutt som syklar - Klikk for stort bilde

Sykkeldyktig skal bidra til at alle barn skal få like moglegheiter til å skaffe seg gode ferdigheiter på sykkel og grunnleggande kunnskap om trafikktryggleik. 

Privatpersonar: 
Dersom du ønsker å drive sykkelopplæring eller sykkeløving som privatperson, vel du på fritiden på Sykkeldyktig. Her finn du gode tips til både barn og vaksne, informasjon om nødvendig sykkelutstyr, kva som er lurt å tenke på når ein skal på sykkeltur, og nyttig informasjon om bruken av el-sparkesykkel. 

Lærarar: 
Dersom du ønsker å drive sykkelopplæring saman med elevane dine, vel du på skolen på Sykkeldyktig. Her finn du to undervisningsmetodar:

1.        BOSS - Barn, oppmerksomhet og sikker sykling: Eit undervisningsopplegg i 4 delar, basert på forsking om merksemda til barn i trafikken. Opplegget vert gjennomført på ein eller to dagar, og du har alt du treng for førebuing og undervisning på ei nettside.

2.       Læringsplattformen Sykkeldyktig: Ein læringsplattform med 9 læringsstiar bak FEIDE-innlogging. Her finn du filmar, e-læringsoppgåver, undervisningsmateriell og teoretisk sykkelprøve. 

Har du spørsmål om sykkelopplæring, enten som privatperson eller lærar?

Kontakt oss gjerne:

Elisabeth Wallace Haaland, regionleiar Trygg Trafikk Rogaland
haaland@tryggtrafikk.no

Ingvild Finstad, prosjektleiar Trafikale gå- og sykkelløyper
ikr@karmoy.kommune.no