Kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar

Kvart år kan barne- og ungdomslag, idretts- og skyttarlag, korps og kor søkja om kommunalt driftstilskot til arbeidet sitt.

For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda. Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.

OBS: Nye retningsliner er under utarbeiding. Desse vil gjelda frå og med 2026. For 2025 er søkjargruppene uendra i høve til tidlegare, men ny fordelingsnøkkel blir teken i bruk. Sjå pdf for meir info:

Nye retningsliner kommunalt tilskot 2025-2026 (PDF, 339 kB) 

Kven kan søkja?

Driftstilskot for 2025 blir ytt til aktive lag og organisasjonar i Etne kommune, og som høyrer til ein av desse kategoriane:

  • Barne- og ungdomslag.
  • Idretts- og skyttarlag
  • Musikklag og songkor

Vilkår for å søkja

  • Eige organisasjonsnummer
  • Må avvikla formelt årsmøte

Søknadsinformasjon

Søknadfrist 2025: 20. oktober

Søknadsskjema

Retningsliner for tildeling og utbetaling

Mellombels retningsliner 2025_idrett- og skyttarlag.pdf (PDF, 636 kB)

Mellombels retningsliner 2025_musikk.pdf (PDF, 633 kB)

Mellombels retningsliner 2025_barne-og ungdomslag.pdf (PDF, 620 kB)

Kontaktinformasjon

Mariann Sydnes
Leiar
E-post
Telefon 53 41 48 26
Liv-Kari Bødtker
Konsulent
E-post
Telefon 41 54 92 52
Mobil 41 54 92 52