Val 2025

Vallogo - Klikk for stort bilde

KORT FORTALT

Har du røysterett?

Dette er krava du må oppfylla for å kunne røysta ved stortingsvalet 2025:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busatt i Norge

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og medlemmer av deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.

Kvar og kva tid kan du stemme?

Etne kommune har 2 stemmekrinsar. I kvar av desse krinsane er det eit stemmelokale på valdagen:

Opningstider val 2025
StadLokaleOpe fråOpe til
EtneSkakkeKl. 10.00Kl. 20.00
SkånevikSkånevik skuleKl. 10.00Kl. 20.00

Hugs legitimasjon!

Korleis røystar du?

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit røystelokale på valdagen, eller ved å avgi førehandsrøyst. Har du avgitt førehandsrøyst, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemma om du ønskjer å avgi førehandsrøyst eller røysta på valdagen.

Meir informasjon om aktuelle dagar for førehandsrøysting i Etne kommune vert publisert etter kvart.

Står du i manntallet?

Har du flytta og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2025, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å røysta der valdagen eller førehandsrøysta i Etne.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart i midten av juli og til og med valdagen, på Etne kommune - Servicesenter (Sjoarvegen 20).

Dersom nokon meiner at ein sjølv eller andre med urette er innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan ein krevja at feilen vert retta opp.

Melding om oppdaga feil vert å senda til

Kravet og retting skal vera skriftleg og begrunna.

Tidlegare valkort

Valdirektoratet sender informasjon til alle som har stemmerett med folkeregistrert adresse i Norge om at dei har stemmerett og kor dei kan stemme på valdagen. Informasjonen vert sendt ut digitalt.

Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få informasjonen tilsendt på papir.

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer).

Vil du forstå valet betre? Bli med på valkurs!