KORT FORTALT
I vaksenopplæringa i Etne gir me norskopplæring etter «Læreplan i norsk for voksne innvandrere» og Integreringslova.
Organisering
Skuleåret 2025/26 har me to grupper på dagtid. Me tilbyr ikkje kurs på kveldstid dette året.
Progresjon
Elevar kjem på kurset med ulik skulebakgrunn og forkunnskap i norsk. Me tek omsyn til dette når me skal dela inn i grupper og undervisa.
Kartlegging
Kartlegging av deltakar skjer som regel på det fyrste møtet. På dette møtet bruker me tolk om det er nødvendig.
Tid
Opplæringa skuleåret 2025/26 er på dagtid.
Kurspris
Gratis opplæring
Ein innvandrar som har fått opphald som dannar grunnlag for permanent opphald eller kollektiv beskyttelse i massefluktsituasjon, har rett til gratis opplæring dersom han eller ho er mellom 16-67 år.
Ikkje gratis opplæring
For dei som ikkje har rett på gratis opplæring, kan me tilby kurs mot betaling om me har ledig plass på kursa våre.
PRØVAR
Me gjennomfører vanlegvis Norskprøve om våren, sommaren og vinteren.
Me kan arrangere statsborgarprøve og prøve i samfunnskunnskap ved behov.
For meir informasjon om prøvene, sjå Norskprøve A1-B2 | HK-dir
Ta kontakt for påmelding.
GRATIS PRØVE
Deltakarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, får ein prøve gratis. Dette gjeld både norskprøven, munnleg og skriftleg, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven.
IKKJE GRATIS PRØVE
Dei som ikkje har rett til gratis opplæring, kan melda seg opp til prøve og betala ei prøveavgift. Merk: Satsane kan bli endra.
Etne vaksenopplæring ligg på Enge skule i Etne.
Adressa er Strondavegen 21, 5590 Etne.
Kontaktinformasjon
Leiar vaksenopplæring Marte Bull-Njaa, telefon 53758183, e-post Marte.Bull.Njaa@etne.kommune.no