Innskriving i grunnskulen

Innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2024/2025.

Elev med ryggsekk - Klikk for stort bilde

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2024/2025 på desse skulane:

Enge skule:           20. mars kl. 09.30
Skånevik skule:   20. mars kl. 09.00

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2018 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2024. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for utsett og framskoten skulestart er 15. januar 2024.

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) 

Søknadsfrist til SFO er 1. mars.  Sjå meir info om SFO her.

Velkommen til skulane i Etne kommune!