Skulefritidsordning (SFO)

AdobeStock_247810999.jpeg - Klikk for stort bilde AdobeStock

 

SFO er eit tilbod til alle born på 1.-4. årssteg og for born med særskilte behov på 1.-7. årssteg. 

Søknadsfrist er 1. mars. Det vert opna for å søkja plass frå 28. januar.
I år er det nye SFO-tilbod og alle må søkja på nytt frå skuleåret 2026-27.

Hovudaktiviteten er i første rekkje leik ute og inne, lesing, spel, samtalar og spontane aktivitetar.

Ein kan søkja heile året, men i år er det ein frist 1. mars med omsyn til eit hovudopptak ved skulestart i august. Born som har fått plass, har plassen til dei går ut av 4. klasse dersom han ikkje vert sagt opp. 
Søknad om endra opphaldstid har også søknadsfrist 1. mars.

Kontaktinformasjon

Gerd Toril Lindevik Arnestad
Rådgjevar oppvekst
E-post
Telefon 53 41 48 25