Skulehelse

Skulehelsetenesta skal bidra til at alle elevane har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Helsesjukepleiarane har faste trefftider på Enge og Skånevik skule. Eleven tek sjølv kontakt med helsesjukepleiar, eller lærar/foreldre tek kontakt/formidlar kontakt. Helsesjukepleiar tilbyr individuelle samtalar og grupper for barn og unge, i tillegg til dei faste konsultasjonane.

Me har oppfølging av barn og unge etter nasjonal fagleg retningslinje 5-20 år og Barnevaksinasjonsprogrammet - (FHI),

Faste konsultasjonar

Skulehelse
Alder Kva og kven treff du? Tema Vaksine
1. klasse Skulestartundersøking med helsesjukepleiar/lege Trivsel/ vanar/ psykologisk førstehjelp/ tryggleikssirkelen
2. klasse Individuell helsesamtale med elev og føresette med helsesjukepleiar Kosthald/ fysisk aktivitet/ eigenomsorg og førebygging av seksuelle overgrep/ vald Kikhoste/difteri/ stivkrampe/polio (Tetravac)
3. klasse Undersøking og samtale med helsesjukepleiar
5. klasse Undervisning med helsesjukepleiar Pubertet
6. klasse MMR vaksine-meslingar/ kusma/raudehundar (Priorix)
7. klasse Undervisning med helsesjukepleiar Gode vanar/ trivsel/ psykisk helse/ vald/ sjølvbilde/ pubertet. Ung i Etne HPV vaksine x 2 (Cervarix)
8. klasse Undersøking og samtale med helsesjukepleiar. Undervisning med helsesjukepleiar Kost/ mosjon/ rus/ ungdomstid/ psykologisk førstehjelp
9. klasse Undervisning med helsesjukepleiar Seksuell helse
10. klasse Individuell samtale med helsesjukepleiar. Undervisning med helsesjukepleiar «Ditt val» i samarbeid med politi/SLT Kikhoste/difteri. Stivkrampe/polio vaksine (Boostrix polio)

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
E-post
Telefon 53 75 81 08
Mobil 91 34 49 55

Besøksadresse:
Holmavegen 24, 5590 Etne

Postadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne