Bornekor

Bornekor er eit tilbod for deg mellom 1.-4. klasse. Her lærer me å synga i lag samtidig som me har det kjekt! Undervisninga kjem til å foregå på musikkrommet på kulturskulen (på Skakke) kvar onsdag ettermiddag. Tidspunkt finn me i lag. 

Meld deg gjerne på via noetne.speedadmin.dk eller berre dukk opp på øving, så får de info frå læraren om korleis de skal gå fram for å melde dykk på. Læraren blir Monica Bunes som har lang erfaring med kor og undervisning. 

Dette tilbodet går under taksten “Samspel” og koster 1000,- kr pr. halvår (2024)