Favorittstaden er tunet der eg vaks opp

Me slappar mykje meir av i kvardagen. 

Mor, dotter og far Magelssen - Klikk for stort bilde
  1. Alder, status, bustadstatus
    Mari Klokkerstuen Kjellesvik, 30 år, sambuar og mor til Liv (2 år), bur på Osnes.
  2. Kva gjorde at du tok valet om å flytte til Etne?
    Eg vaks opp i Etne, og da eg og sambuaren min blei i lag var eg heilt tydeleg på at eg skulle ende opp i Etne. Men etterkvart er det han som også har pusha på for å framskunde dei planane. Sjølv om me trivdes i Oslo, hadde Etne så mykje å by på som austlandet ikkje kan måle seg med. Og når me fekk ein dotter blei det heilt klart at det er i Etne hu kan få den oppveksten me ynskjer å gje henne.
  3. Nemn dei tre beste tinga ved å flytte til Etne kommune
    • Ro. Me slappar mykje meir av i kvardagen. Sjølv om det kan vere hektisk på jobb, så er det eit heilt annet liv når me har bytta ut asfalt og betong med flott natur og eit inkluderande fellesskap. Alt kjennast liksom litt enklare her. Og så er det heilt makelaust med fjordutsikt til morgonkaffien.
    • Oppvekstvilkåra til dottera vår. Det er kort veg til ein heilt fantastisk barnehage, me har masse vener og familie i nærleiken, og utalde moglegheiter for å utforske og dra på eventyr i nærområdet. Når hu blir eldre er det også et rikt fritidstilbod og kjekke aktivitetar.
    • Me har begge fått spennande og utfordrande jobbar me trivest godt i. Me reiser ein del i jobb begge to, og Etne er midt i smørauga for jobbturar både til vest og aust. Det kjennest også veldig givande å jobbe for bedrifter som er tett knytt opp til lokalsamfunnet.
  4. Kva er din favorittstad i kommunen? 
    Det er definitivt tunet eg vaks opp på, der foreldra mine og syster mi med familien hennar no bur. Der får vi kvardagsidyll med ein kopp kaffi og ein god drøs, medan syskenbarna kan boltre seg fritt. Og viss me er ekstra heldige, får me litt barnepass slik at me kan ta oss ein tur opp på Hodlestadnuten som ligg rett ved. Det er ein god og bratt tur, men som ikkje tek altfor lang tid. Og på toppen er gevinsten ei nydeleg utsikt til både Etnesjøen og Folgefonna.
Mor, dotter og far Magelssen i grøn norsk natur - Klikk for stort bildeMari Klokkerstuen Kjellesvik, Liv og Stian Magelssen