Naturen er det beste

Marthe Bøthun og sambuaren ønsker nærleik til familie, vener og natur.

Marthe Bøthun - Klikk for stort bilde

Marthe Bøthun 

  1. Alder, status, bustadstatus
    33 år, sambuar og mor til Sigrid (3 år), på jakt etter draumehuset
  2. Kva gjorde at du tok valet om å flytte til Etne?
    Marthe er oppvaksen i Skånevik og sambuaren er oppvaksen i Ølen. Me ønskte nærleik til familie og vener i Ølen og Skånevik. Etne vart då det naturlege valet. Me ønskte også å etablere oss i ein einebustad, noko som var urealistisk i Oslo.
  3. Nemn dei tre beste tinga ved å flytte til Etne kommune
    •    Heilt klart naturen. Ikkje berre at det er god tilgang til fjord og fjell, men også at ope landskap er ein del av kvardagsbilete. 
    •    Gode kultur- og aktivitetstilbod. Eg har vore mykje meir på kino og konsert etter at me flytta heim enn eg hadde førestilt meg på førehand. 
    •    Her har me alt me treng innanfor rekkjevidde.
  4. Kva er din favorittstad i kommunen? 
    Det må vere Lyngtun. Familiehytta i Skånevik med utsikt over den vakre bygda. 
     
Marthe på eit fjell med utsikt over fjorden - Klikk for stort bilde