Tilflyttartenesta

Tilflyttartenesta i Etne kommune er tenesta som skal hjelpe deg med å finne deg til rette hjå oss, men også som støtte for innbyggjarane våre. Tilflyttartenesta ønskjer å gjer det enklare for deg som vil flytte til Etne kommune å finne informasjon. Det vera seg ved å synleggjera tomter, bustadmoglegheiter, jobbmarknaden, eller ved å gi deg rask oversikt på kva som rører seg av fritidstilbod i kommunen vår.  

Me veit at ein tilflyttar ofte kjem som følgje av sosiale relasjonar, eller framsnakking i ulike sosiale settingar. Det er de som bur i kommunen vår som er dei beste ambassadørane våre for å synleggjere dei gode kvalitetane ved å bu i Etne kommune. 

Me har difor samla saman alt det gode me kan by på, saman med fordelar du får med å bu i Etne kommune. Dette har me kalla for velkomstpakken, og ønskjer med det velkomen til Etne kommune. 

Kontakt oss