Bli kjent med Etne kommune

Her finn du informasjon om plassering, natur, næring, historie og fritid i bygdene.

Kart over Etne kommune - Klikk for stort bildeKart over Etne kommune Skjermdump Google maps

Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda kommunar; dei tre sistnemnte ligg i Rogaland. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Utsikt over Åkrafjorden - Klikk for stort bilde Roar Bævre

Mellom stupbratte fjell skjer den omlag 3 mil lange Åkrafjorden seg inn i landet til fleire smågrender. Grøderikt jordbruksland er kransa av fjell, fjordar og eit idyllisk øyrike.

Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Vestland. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar.

Raud traktor som slår gras - Klikk for stort bilde

Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet. Fiskesesongen er frå juni til september, med utleige av fiskesoner på døgnbasis. Det er gode tilhøve for ferskvassfiske i Stordalsvatnet og i meir enn 40 fjellvatn.

Utsikt over vatnet - Klikk for stort bilde Axel Krüger

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. I sommarhalvåret står desse bak dei fleste arrangementa som går føre seg i bygdene, der Etnemarknaden i august er største einskildarrangement. Torgdagane og Skånevik Bluesfestival er også store einskildarrangement.