
United
Spelt inn i Etne i 2003 saman med lokale skodespelar-spirer.
"United" handlar om Kåre - ein fyr som alltid har hatt to store draumar: Gifta seg med den finaste dama i verda og å bli proff i Manchester United. Når me møter han i filmen, er han ikkje i nærleiken av nokon av delane. Rett nok er han saman med ei rimeleg heit dame, Anna, men han bur framleis i Etne, og det næraste han har vore a-laget til United, er eit par forfylla weekendturar til Manchester. Ikkje tek han særleg bra vare på dama si heller. Ho truar derfor med å gå frå han til fordel for ein gammal flamme, Stian.

The Lonely Shepherd
Spelt inn i Etne i 2019, laga av multi prisvinner Cato ML Ekrene.
Filmen handlar om sauebonden "Olav" som bur i Etnefjella med sauene sine. Det einaste han tenker på og lever for er sauene. Men ein dag vil "Bjarne" ( Tommy Hyving) endre kvardagen til Olav. Som vaksen får Olav sjå og føla på bygdas flottaste kvinne med navn Marielle, ( Maria Tuflåt) som lenge har prøvd å få merksemda hans.