Kva meiner du om skoleskyssbillett på mobil?

Gjelder føresette for barn ved barneskolar i Vestland. 
 
Skyss har stort fokus på å forenkle og forbetre våre tenester best mogleg, og sikre ei berekraftig og brukarvennleg løysing for skoleskyss i Vestland. 

Frå og med første skoledag 17. august kunne elevar ved alle ungdoms- og vidaregåande skolar i Vestland som har rett til gratis skoleskyss velje å få skoleskyssbilletten sin på mobilen, i appen Skyss Billett. Mobilbilletten er meint å bidra til ein enklare kvardag for elevane, færre gløymde eller tapte kort og ein meir berekraftig og framtidsretta løysing. Det kan vere kjekt å vite at i dei tilfella eleven skulle vere tom for straum eller mobildata, vil ein kontrollør likevel kunne verifisere billetten. Elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med fysiske skolereisekort. 
 
Den digitale skoleskyssbilletten har blitt godt mottatt og vi vurderer no å gjere den tilgjengeleg også for elevar ved barneskolar i Vestland. 
I den samanheng vil vi høyre di meining, som føresett. 
 
Vi håpar du vil ta deg tid til å svare på 10 spørsmål om dine haldningar knytt til mobilbruk og skoleskyssbillett på mobil for barn i barneskolen. 
 
Undersøkinga tar ca. 3 minuttar og er anonym. Frist for å svare er 25. november.

Lenke til undersøkinga; https://forms.office.com/e/7ghsLF7xjg

Korleis vil det sjå ut på eleven sin telefon?  

 

 

Ved spørsmål ta kontakt med oss på skoleskyss@skyss.no.  
 

Skoleskyss – avdeling Transporttilbud