Tilvenning i barnehagen

Alle barn som skal begynna i Enge barnehage får invitasjon (brev i posten) til besøksdagar, der alle nye som skal starta på same avdeling kan komma for å gjera seg litt kjende. Me ynskjer at dette skal vera starten på ei trygg tilvenning i barnehagen. Når barnet byrjar vil det vera ein eller nokre få som har mest kontakt med barnet og foreldra. 

I starten vil det vera fokus på å bygge ein god relasjon til barnet og foreldra som er det viktigaste. Ein trygg og god start er viktig for den vidare barnehagetida for barnet. Me kallar det for trygg tilknytning. Det er viktig med god kommunikasjon mellom barnehage og heim slik at me sikrar ein trygg oppstart for både barn og foreldre. 

Erfaringane våre viser at det er viktig at foreldra tek seg tid til å vera saman med barnet i barnehagen dei første dagane. I utgangspunktet reknar me med at de har muligheten til å vera saman med barnet heile den første dagen og deler av dei to andre dagane av tilvennninga. Barnet får ei gradvis tilvenning til å vera i barnehagen. Det er viktig at foreldra fortel oss om barnet slik at me blir godt kjend. Me trur og det er viktig at foreldra får sjå korleis me har det i barnehagen. I løpet av tilvenningstida skal foreldra ha ein oppstartsamtale med pedagogisk leiar.  

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Gerd Toril Lindevik Arnestad
Gerd Toril Lindevik Arnestad
Styrar
E-post
Telefon 53 75 81 70
Mobil 91 59 47 14
Profilbilde av Hege Hansen
Hege Hansen
Pedagogisk leder
E-post
Telefon 53 75 81 70
Mobil 91 19 16 21