Om oss

I Enge barnehage ynskjer me å legga til rette for tryggheit, mangfald og vennskap! Alle barn skal oppleva seg viktige og som ein del av eit fellesskap. Me veit at det er viktig for både barn og vaksne å høyra til. Me er opptatt av gode relasjonar som gir grunnlag for eit godt sosialt samspel. Dei vaksne i Enge barnehage ynskjer å vera autoritative vaksne som er varme, viser omsorg og har forventningar til barna. 

"Barna er framtida og vår viktigaste investering". Dette er fyrste setning i kvalitetsplanen for Etne kommune. Dette er eit godt utgangspunkt for den viktige jobben me gjer. Barn treng å ha det trygt og godt og vaksne som er god i lytting, forståelse, aksept, toleranse og bekreftelse. 

Enge barnehage er ein 6 avdelingsbarnehage. Me har aldersinndelte avdelingar 0-3 og 3-6 år. Å vera organisert avdelingsvis vil sei at barn og foreldre har ei lita gruppe barn og vaksne å forhalda seg til. Når barna vert fordelt på avdelingane legg me tilrette for alder, kjønn og vennskap. Likevel ynskjer me at heile barnehagen skal vera ein barnehage. Aktivitetar som vil bidra til det er S klubb, turar, felles tid i Skakkehallen og andre aktivitetar på tvers av avdelingane. Me har mange treff punkt slik at barna skal bli kjend på tvers. 

Barnehageåret 2024/2025 har me starta opp med turgrupper på tvers av avdelingane. Då rullerar me på kven som skal reise på tur med bussen vår. Det er dei to eldste kulla som reiser på tur.  Me har base på Osnes på eit flott uteområdet, men fartar gjerne rundt i nærområdet vårt. På vinteren er det fint på Fjellstølen, Olalia, Skarstølen o.l.  På sommaren likar me oss på ei badestrand, i skogen eller andre fine plassar. 

Enge barnehage ligg på Enge med gangavstand til sentrum, Skakke senteret med bibliotek og idrettshall, fotballbanar, skulen, sjø og fleire fine turområde. Me nyttar nærmiljøet ofte og er regelmessig både på biblioteket og i idrettshallen med barna. Me har samarbeid med omsorgsenteret der me er jamleg på besøk og har ei songstund.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Gerd Toril Lindevik Arnestad
Gerd Toril Lindevik Arnestad
Styrar
E-post
Telefon 53 75 81 70
Mobil 91 59 47 14
Profilbilde av Hege Hansen
Hege Hansen
Ass. styrar
E-post
Telefon 53 75 81 70
Mobil 91 19 16 21