Showbie

Showbie er staden der elevane får vekeplanen sin. Som regel har klassane ein eigen infomappa retta direkte mot foresatte.
Lærarane opner opp mapper der foreldre får innsyn i utvalde mapper.

For å logge inn på Showbie, kan du laste ned app eller berre skrive inn showbie.com i ein nettlesar.
Foresatte lagar sin eigen konto med eige passord, og bruker koden som berre kontaktlærar gir ut. Den har ikkje IKT ansvarleg tilgong til. Gløymer du kva du logga inn med, går det an å klikke gløymt passord.

Om du har fleire epostar og opprettar ny brukar fordi du ikkje har tilgong til den gamle, må du ha nytt foreldrepassord frå kontaktlærar.