Asbjørn Moe (leiar)
Olaug Solheim (nestleiar)
Marit Svendsen Haug (sekretær)
Eline Mæland (kasserar)
Møter og organisering
FAU har hatt fire møter utanom årsmøte. Det har ikkje vore SU (Samarbeidsutval) og SMU (Samarbeid og miljø utval) møte dette skuleåret. Det er utarbeida eit årshjul for FAU-arbeidet. Dette er brukt internt og overfor skulen, med tanke om at det for neste år også kan kommuniserast ut til foreldre.
Internt har me utanom møte og telefon, kommunisert per e-post og i eigen messenger gruppe.
Referat og informasjon om FAU sitt arbeid vert lagt ut på skulen sine nettsider. Adressa er https://www.etne.kommune.no/enge-skule/fau-foreldreutvalget-for-enge-skule/ - klikkbar link FAU - foreldreutval Enge skule 2023/24 - Enge skule (etne.kommune.no)
Ein har opplevd noko avvik frå om informasjon har blitt sendt til skulen for publisering og om det er blitt publisert av skulen. Det var eit ønskje frå FAU førre skuleår at nokon i FAU har spesielt ansvar for å sjekke at opplysningar som ligg på heimeside til kvar tid er oppdaterte og lett tilgjengeleg for innbyggarar. Dette har ikkje blitt fulgt opp. Det er forslag om at styret ved skulestart hausten 2025 oppnemner ein person som har jamleg og tettare dialog kring dette med skulen.
Me har ei e-post adresse som er FauEngeskule@gmail.com. E-posten er det leiar som har disponert. All formell kommunikasjon har gått via denne mailen.
FAU er registrert i Brønnøysundregisteret med Enge FAU skule, organisasjonsnummer: 919 925 264. Informasjonen her har dette skuleåret vore oppdatert. FAU er ikkje medlem av frivilligheitsregisteret og kan heller ikkje vera det, då FAU er eit lovpålagt organ. Det er derfor ein del tilskots ordningar me ikkje kan søke på.
FAU har i forkant av møter meldt til klassekontaktar og på trinna sine facebook sider at føresette kan melde inn saker. Det har komt inn diverse saker. Me ønskjer å formidle at det skal være lav terskel for å melde inn saker. FAU har lagt ut referat på skulen si heimeside.
Me ga i år som i fjor generell info om FAU og foreldreråd i foreldremøter på start av skuleår. Det vart utarbeida ei powerpoint-framsyning som vart vist på dei fleste foreldremøta.
Økonomi
Per 20.05.25 er det kr. 171.416,- på konto. Dette er før dei siste stønadane til søknadar om trivselsmidlar som vart avgjort i mai er utbetalt.
Det er både blitt brukt, søkt om og tildelt midlar til FAU i løpet av skuleåret.
Sjå vedlagt rekneskap for detaljert økonomisk oversikt.
Midlar FAU har søkt:
September 2024: søkt E-lags fondet om Trivselsmidlar. Innvilga og utbetalt til konto kr. 40.000,-.
September 2024: søkt midlar til Trygg i vann. Denne kan ein ikkje sjå å ha fått svar på.
Mai 2024: 7. trinn har søkt Sparebanken Norge om støtte til fleire flagg til flaggborga på 17. mai. FAU var søkjar i samarbeid med foreldrerepresentantar i klassen. Søknaden vart innvilga med kr. 5.000,- og nye flagg er kjøpt inn.
Samarbeidet mellom FAU og skulen
FAU har opplevd samarbeid som godt. Rektor har deltatt på deler av nokre FAU-møter på video/telefon. FAU har meldt inn ønskjer om at ein annan representant frå leiinga ved skulen kan stille på FAU-møter, når ikkje rektor kan delta. Dette såg ikkje skulen som mogleg. Det er framleis eit ønskje at representant frå skulen deltek i kvart møte, som ein del av det viktige samarbeidet mellom skule og FAU.
FAU vart kontakta av skulen for å stille i møte med elevrådet kor FAU kunne informere elevrådet om arbeidet sitt. Den aktuelle møtedatoen passa ikkje for nokon representantar. Men FAU vil vidare opprette eit samarbeid med elevrådet med forslag om at representant frå FAU kan stille i eit elevrådsmøte per skuleår.
FAU har spelt inn saker til administrasjon og visa versa som jamleg har blitt tatt opp for status og framdrift.
Status arbeid FAU har engasjert seg i skuleåret 2024-25/Oppfølging frå tidlegare år
Trygg skuleveg og skyss: Sak vedrørande ønska trafikktryggleik på Kambe vart sendt utviklingsavdeling i kommunen våren 2024. Kambe velforeining og FAU har fått tilbakemelding om at deler av det ønska strekket for trafikktryggleik vil bli utbetra. Arbeidet med dette vil starte i 2025.
FAU har tidlegare vore engasjert i drop sone ved skulen. Dette området er no ferdigstilt og tatt i bruk. Informasjonsfilm knytt til tryggleik rundt skule og bruk av drop sone er ferdig og delt av skulen på alle foreldremøter og i klassane. Filmen vil bli brukt vidare i foreldresamarbeidet med skulen. Skulen skal og leggja filmen ut på kommunen sine nettsider. Vidare vil FAU kontakte Skakke og Idrettslaget som kan dele filmen frå nettsida til kommunen.
Utbetring av uteområde: Første del av Skakkeringen tilknytt ungdomsskulen er no ferdigstilt.
Foreldrekompetanse/haldningsskapande arbeid: FAU har tidlegare engasjert seg i å arrangere kurs/foredrag med aktuelle tema for foreldre. FAU har ikkje jobba med dette i gjeldande skuleår. Det kan likevel vera aktuelt for FAU og følgje dette opp i det kommande skuleåret når no Plan for førebyggande arbeid for omsorgssvikt og utagerande avferd er ferdigstilt av kommunen. Dette for å forankre arbeidet godt mellom administrasjon og foreldregruppe.
Jamne drøftingar på FAU møter på dette med rutinar for kommunikasjon skule heim, korleis får føresette informasjon, innkallingar, kor finn dei informasjon, tilrettelegging når det gjeld språk utfordringar.
FAU`s trivselsmidler: ……… søknader mottatt og behandla. Det har blitt gitt støtte til arrangement, turar og utstyr, trinnvis og på tvers av klassar. Me opplev at det kjem mange søknadar frå skulen. Fram i tid ønskjer FAU å formidle moglegheita å søkje om ting kor engasjementet kjem direkte frå elevane.
SFO-ordning: FAU skreiv uttale i samband med at SFO-tilbodet i kommunen skulle endrast. Saka vart utsatt av kommunestyret, og dei føreslåtte endringane vart ikkje tredd i kraft. FAU oppfordrar til at ein i neste runde informerer foreldre i trinna på småskulen i god tid før saka skal opp slik at FAU kan få innspel til saka frå fleire foreldre enn kun dei som sit i FAU.
Anna
FAU vil takke både føresette, elevar og skulens administrasjon for et godt samarbeid gjennom dette skuleåret.
FAU vil oppfordre til å aktivt bruke FAU som kanal for å melde saker som påverke elevanes skule og læringsmiljø.
Mvh FAU Enge skule
v/Asbjørn Moe og resten av styret